Loddefjord friidrett sitt guttelag hadde i 2023 sin beste sesong i kretsserien på 12 år og tok heim seieren i 3.divisjon.
I Hordaland friidrettskrets sin lagserie for gutar 10-19 år scora dei 16 gutane frå Loddefjord heile 18.828 poeng. IL Fri2 tok 2.plassen med 16.906 medan Uskedal IL vart tredje med 12.939. Toppscorar på guttelaget vart Brage Rydheim Brautaset (2014) med 2.473 poeng på 4 øvelsar.
Sist Loddefjord var så høgt som 2.divisjon var i 2013 og me må tilbake til 2011 for å finna ein høgare poengsum (20.034).
Dette er Loddefjord gutar sitt tredje opprykk på rad. Comebacket starta med seier i 5.divisjon i 2021, seier i 4.divisjon i 2022 og no altså seier i 3.divisjon i 2023.
Dei beste friidrettsklubbane i Hordaland/Bergen er Fana, Gneist og Norna-Salhus. Mens motstander i årets 2.divisjon blant anna er Voss, Fitjar, Mjøsdalen og andrelaga til Fri og Bergen turnforening. Dette plasserer Loddefjord topp 10 i Bergen og topp 15-20 mest aktive klubbane i Hordaland for gutar 10-19 år.
Loddefjord jenter henta fine 11.658 poeng som gav 3.plass og fornya plass i 3.divisjon. Her var Thea Stikholmen (2009) heilt suveren toppscorer med 5.938 poeng fordelt på imponerande 8 øvelsar. Thea deltok også frå Loddefjord og Hordaland på kretslaget under fjorårets Lerøyleikar.
Det blir spennande å følgja deltaking på friidrettsstemner utover i 2024 og om guttene frå Loddefjord kan forsvara plassen i 2.divisjon.
Meir om kretsserien i Hordaland:
https://www.friidrett.no/k/hordaland/nyheter/kretsserien-for-gutter-fana-til-topps-igjen/