Velkomen til årleg møte i friidrettsgruppa
Loddefjord friidrett held årleg møte tysdag 16 mars kl 18.00 i Alvøen idrettspark
Påmelding
Friidrettsåret 2020
Friidrettsgruppa i Loddefjord idrettslag består av om lag 30 barn fordelt på to treningsgrupper: yngstegruppa 9-12 år og eldstegruppa 13-16 år. Stian, Toril, Tanja og Eline Beate held trening kvar måndag og onsdag heile året. Friidrettsgruppa sitt hovudanlegg er friidrettsanlegget i Alvøen idrettspark. Vinterstid trenar me også i gymsalen på Alvøen skole og i Leikvang friidrettshall i Åsane.
Loddefjord friidrett deltok på fleire lokale friidrettsstemner i 2020. Det vart konkurrert i mange øvelsar innan både løp, hopp og kast. Utøvarane frå Loddefjord viste flott framgang i løpet av sesongen og det vart sett mange nye personlege rekordar.
Som avslutning på vår/haustsesongen arrangerte friidrettsgruppa to klubbstemner på Alvøen stadion. Her vart det konkurrert i 60m, lengde, kule med meir med tidtaking, måling og resultatlister. Takk til alle foreldre og støttespelarar som hjelpte til!
Friidrettsgruppa ønskjer framleis foreldre og andre frivillige, gjerne med friidrettserfaring, hjarteleg velkomne til å bidra som trenarar. Då kan friidrettsgruppa også ta inn fleire rekruttar i alderen 8-9 år.
Bergen kommune har planar om å byggja fleirbrukshall i parken og på Alvøen skole kjem det ein «friplass» (som inkluderer ei mini friidretts-rundbane på 200m, kulesektor, lengdegrop, og høgdehoppstativ) som er planlagt å vera klar til mai 2021.
Begge desse nye anlegga vil gje endå betre treningsforhold for friidrett i Loddefjord.
Interessert i å trena friidrett? Ta kontakt friidrett@loddefjordil.no
Bli støttemedlem i friidrettsgruppa: www.loddefjordil.no/medlemmer/stottemedlemmer